Om AI-pedagog
AI-pedagog er eit gratis bibliotek med ferdige, praktiske undervisningsopplegg for norske lærarar. Her finn du alt frå kryssord, memoryspel og alias til stasjonsundervisning, rollespel, quizar og case-oppgåver, kopla direkte til kompetansemåla i læreplanen.
Kvart opplegg blir laga av eit team av KI-agentar med ulike roller: ein faglærar som sikrar fagleg korrektheit, ein aktivitetsskapar som gjer opplegget engasjerande, eit elevblikk som testar om oppgåvene er forståelege, og ein kvalitetskontrollør som sjekkar språk og målform. Ein redaktør samlar innspela og ferdigstiller opplegget. Alt materiell er klart til utskrift, med lærarrettleiing, elevark og fasit, og kan lastast ned som Word-fil på både nynorsk og bokmål.
Tenesta er laga for lærarar i grunnskulen og vidaregåande skule som vil spare tid på planlegging og få fleire variert og praktisk undervisning i klasserommet. Du søkjer etter trinn, fag, kompetansemål, type og tema, og kan bruke opplegga fritt utan å logge inn.
AI-pedagog er utvikla og eigd av CoStudy AI AS, eit norsk selskap som lagar KI-verktøy for læring. Vi står òg bak CoStudyAI og Undervegsvurdering. Har du tilbakemeldingar eller idear til nye opplegg, høyrer vi gjerne frå deg.
AI-pedagog